| Per Arne Glorvigen Kjem ifrå Dovre og vert rekna som ein av dei viktigaste bandoneonistane i sin generasjon.
Han gjekk ut frå Noregs Musikkhøgskule i 1987 med akkordeon som hovudinstrument og dro deretter til Paris kor han framleis er busett. Det var også her at han møtte den Argentinske bandoneonvirtousen Juan José Mosalini som vart Glorvigen sin læremeister på det nye instrumentet.
Etter tre år med studiar hjå Mosalini og etter fleire upphald i Buenos Aires byrja Glorvigen verksemda si som profesjonell bandoneonist.
I tillegg til å spela tango har Glorvigen freista å utvide bandoneon-repertoiret til også å innehalde barokk, kletzmer, pop og ikkje minst samtidsmusikk.
Dei unge komponistane Willem Jeths (Nederland),Bernd Franke (Tyskland),Luis Naon (Frankrike/Argentina)og Henrik Hellstenius har alle komponert konsertar for bandoneon og orkester tinga av Glorvigen (Urframføringar i Concertgebouw 2001,Gewandhaus 2003,Radio France 2005 og Ultimafestivalen 2008).
I mai 2003 urframførte den legendariske Alban Berg-kvartetten og Glorvigen eit verk av Austerrikaren Kurt Schwertsik for strykekvartett og bandoneon. Opptak frå konsertane i Wien Konzerthaus vart gjeve ut på EMI Classics i juni 2004.
Glorvigen har spelt med mellom anna Giora Feidman (klarinett), Gøran Søllscher (klassisk gitar),Vertavokvartetten,Leipziger Streichquartett,BBC Symphony Orchestra,Orchestra Guiseppe Verdi Milano, Danmarks Radios Symfoniorkester,Oslo Filharmoniske Orkester, Det Norske Kammerorkester, Gøteborg Symfoniker, Det Russiske Nasjonalorkester og Les Solistes de l’Orchestre de Paris.
Den viktigaste samarbeidspartnaren hans har likevel vore fiolinisten Gidon Kremer.
Dei har spelt inn 4 CDar ilag (mest med musikk av Astor Piazzolla) og har gjeve eit hundretals konsertar verda rundt.
I Noreg har Glorvigen mellom anna samarbeidd med Arve Tellefsen og Herborg Kråkevik.
Han spelar dessutan fast med Tango for 3 og hadde med denne gruppa stor suksess med framsyninga Tangotanko. Teksten til dette stykket som handlar om kulturskilnader mellom Dovre og Buenos Aires, vart skreven av Glorvigen sjølv.Glorvigen arbeider no også som komikar der spesialiteten er språksketsjar,og hadde stor suksess med framsyninga Tungetango i Stavern sommaren 2008
Innspelingar mellom anna for Auvidis,Emi Classics,Sony Classical, Deutsche Grammophon, Nonesuch og Teldec.
|